SmartSirk på Stryn Vidaregåande Skule
SmartSirk på Stryn Vidaregåande Skule – Ein fagdag om sirkulærøkonomi og industriell innovasjon
Korleis kan norsk produksjonsindustri bli meir berekraftig og samtidig auke konkurransekrafta si? Dette var hovudspørsmålet då prosjektet, ved Kunnskapsparken Vestland arrangerte ein spennande fagdag på Stryn Vidaregåande Skule den 12. februar 2025. Saman med bedrifter, forskarar og fagfolk frå ulike delar av industrien, vart det sett søkelys på sirkulære forretningsmodellar, automatisering og smart produksjon gjennom SmartSirk-prosjektet.
SmartSirk – Ei bru mellom sirkulærøkonomi og teknologi
SmartSirk er eit initiativ for å styrkje norsk produksjonsindustri gjennom sirkulære verdikjeder, berekraftig produktdesign og automatisering. På fagdagen vart det presentert konkrete casestudiar og innovative løysingar som kan bidra til omstillinga frå ei lineær til ein sirkulær økonomi.
Forskarar frå SINTEF, som er engasjerte i prosjektet, viste og fortalte blant anna korleis sensorikk, digitalisering og automatisering kan effektivisere prosessar, redusere avfall og forlenge levetida til industriprodukt. Dei demonstrerte korleis sensordata kan brukast for tilstandsbasert vedlikehald, noko som både reduserer kostnader og aukar levetida til produkt.
Casestudiar: Frå teori til praksis
Blant bedriftene som deltok var Nomek, FluorLux, Stryvo, Førde Sementvare, Bjarne Espe Trevarefabrikk, Fresvik Produkt og Fjordane Engineering. Det vart òg presentert to spanande casestudiar:
Brødrene Aa: Ein av Noregs leiande produsentar av karbonfiber-hurtigbåtar, som jobbar aktivt med sensorteknologi og datadrive vedlikehald for å gjere produkta sine meir berekraftige.
West Mekan: Ei bedrift som produserer seter for ferjer og hurtigbåtar, der modulært design og remanufacturing kan skape nye forretningsmoglegheiter og redusere miljøavtrykket.
Automatisering og robotisering – nøkkelen til framtidas produksjon
Ein del av fagdagen handla også om korleis automatisering og robotisering kan bidra til ein meir berekraftig og lønsam produksjon. Med døme frå West Mekan vart det vist korleis robotisert sveising og fleksible produksjonsprosessar kan leggje til rette for gjenbruk av materiale og effektivisere produksjonen.
Samarbeid og innovasjon må til
Fagdagen viste tydeleg at sirkulære forretningsmodellar, ny teknologi og samarbeid mellom industri, forsking og utdanning er nøkkelen til å skape ei meir berekraftig framtid for norsk industri. Og engasjementet i salen viste stor interesse hos dei frammøtte.