Prosjektsamling 3: Nordfjord
I september møttes partnarane i Nordfjord der case-bedriftane Brødrene Aa og West Mekan har sine produksjonslokaler.
Vi hadde strålande sol, gode møter og kjekke besøk i produksjonslokala.
På fergeturane satte alle pris på sola og utsikten.
Samlinga starta med besøk hos Brødrene Aa i Hyen. Dei produserer hurtiggåande fartøy i karbonfiber, inkludert alt frå ambulansebåtar til passasjerferger og sightseeing-ferger. Hos Brødrene Aa vi vikk høyre litt om historia og bedrifta deira før vi fekk omvisning i produksjonslokala. Her fekk vi sjå alt ifrå støypeformane til skroga til koleis dei legg materiala til karbonfiberen lagvis for å oppnå styrke, til til eit nesten ferdig produkt der innredininga vert installert.
Vidare gikk vegen til nydelig lunsj på Kleppenes gard der vi og hadde møte og blei oppdaterte på planane for arbeidet framover med bl. a. utvikling av forretningsmodellar, metodeutvikling for sirkulær produkdesign, digitaliseringsløysingar og digital plattform for kommunikasjon og interoperabilitet i sirkulære system.
Dag to blei brukt til å gå gjennom status og kravspesifikasjonar for dei fire industri-casane og ign gjennogang av status og planar for spreiingsarbeidet. Samlinga blei avslutta med omvisning og lunsj på West Mekan sine produksjonslokale på Eid. West Mekan produserar passasjersete til båtar. Dei er fast leverandør til Brødrene Aa, medan 80 % av produkta selgast internasjonalt.
Alle var særs nøyde med både utviklinga i prosjektet, faglege og sisoale samtalar, og dei besøkande var kanskje litt ekstra imponerte over den spektakulære naturen.









